Forlaget skriver om denne boka:
I den første boka i serien om Barcelona-gjengen er Birk ny i byen og på leit etter nokon å spele fotball med.
Etter å ha bede helten Messi om hjelp møter han Barcelona-gjengen, seks gutar som er minst like glade i fotball og Barcelona som han sjølv. Men har dei plass til ein ny spelar på laget? Birk må verkeleg vise kva han er god for!
Barcelona-gjengen er ein lettlesen fotballserie som tek fotball på alvor og set spelet i sentrum. Det handlar om gutar som satsar, om sleivspark, magiske pasningar og trenarar som vil vinne for kvar pris.