Ein forfattar reiser til ein gresk landsby. Der blir ho kjend med døvstumme Sofia. Forfattaren skjønar etterkvart at Sofia er ein illegal flyktning og mistenker at ho er i stor fare. Ein dag er Sofia sporlaust forsvunne og forfattarens verd smuldrar opp. Denne romanen handler ifølge forlaget om flukt på ulike plan, om galskap og grensene mellom fiksjon og verkelegheit.
Ei norsk kvinne reiser til ein gresk kystby. Ho leiger eit rom på ubestemt tid, for å fullføre eit skriveprosjekt. Sommaren går over i haust, byen blir tømt for turistar og tilværet hennar blir stadig meir prega av isolasjon. Ein dag møter ho Sofia som arbeider på ein kafé i nærleiken. Denne jenta opptek snart all plass i tankane og skrifta hennar. Og då ho får for seg at Sofia er i fare, tek ønsket om å hjelpe overhand, og ho må kjempe mot krefter ho ikkje har kontroll over.