Forlaget skriver om denne boka:
"Midtvegesframigongagjennomlivetegfannmegattitjukkesvarteskogen, ivilskafóreglangtfrårettevegen ..."
Slik fortalde fiorentinaren Dante Alighieri om reisa si til Helvetet, men det er velkjent at han skreiv ein komedie. I denne teikneserien fortel senesaren Marcello Toninelli den same historia - berre morosamare! Mange er dei som her er fødd på ny gjennom hans uærbødige strek. Me møter mellom andre: Homer som leiker blindebukk, Kerberos som et i djevelkantina og Vergil som mot sin vilje fungerer som lynavleiar. Med beina godt planta i notida - men slett ikkje utan respekt for originalen - har Marcello med dette verket skapt ein sjarmerande parodi på meisterverket til Dante. Bodil Moss har omsett han til norsk.