Det er noko gale med den norske rettsstaten. Alt er ikkje gale - det er noko som er gale. Dette noko er tilgangen til konfliktløysing, og då særleg at det er så kostbart å føra sak for domstolane at berre dei ressurssterke har råd til det.
Den klassedelte rettsstaten er eit rettstryggleiksproblem for dei som ikkje har ressursar til å forsvara sine rettar gjennom domstolssystemet. Det er eit demokratiproblem fordi det ikkje er lova, men politisk, økonomisk, sosial og kulturell makt som avgjer kva rettar innbyggjarane har.
Denne pamfletten kan lesast som eit krav om å styrka rettsstaten ved å gjera lov og rett tilgjengeleg for andre enn dei mest ressurssterke. Gjer ikkje staten det, veks det fram eit krav om reforhandling av heile samfunnskontrakten. Dette er eit viktig element ved framveksten av illiberale demokrati i Russland, Ungarn, Tyrkia og USA.
Det er altså mykje som står på spel.