Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
[Oslo] : Kolofon , 2025 . - Bok . - 295 sider
Nynorsk
Opplysninger:
Stølskulturen er på Unesco si verdsarvliste! Kunnskapen og erfaringa til budeiene er lyfta opp. Vi har hatt stølar og budeier over heile landet, og mange har budeier bakover i slekta. Budeiene dreiv og driv små bedrifter i utmarka – hardt arbeid, men òg eit friare liv. På stølen var det kvinnene som bestemte. Dei sjølvstendige og sjølvhjelpne budeiene imponerte og inspirerte. Dei irriterte også. Dei var ikkje underdanige nok, og dei vart oversett og motarbeidt av betrevitande embetsmenn. Budeiene har skaffa landet mat gjennom tusenvis av år, vi hadde ikkje overlevd utan dei. Av stølsmjølka får ein gode produkt, ho er kanskje verdas beste. Den gjestmilde budeia var ein trygg base i fjellet. Ho hadde mat og seng, ho lokka og song til seg dyr, kunstnarar, turistar og friarar. Budeiene levde i og med naturen, og nokon kjende på at dei delte stølen med haugafolk, dei underjordiske. Budeiene vil gjerne at fleire skal få kjennskap til arbeidet deira. Denne boka gi r deg det. Budeiene er kvinnehistorie, kulturhistorie og landbrukshistorie. Det er på tide dei får den merksemda dei fortener. Inger Marie Vingdal er dosent i kroppsøving, og ho har skrive fleire lærebøker. No har ho samla inn budeiestemmer og historier frå heile landet. Ho har besøkt mange ulike stølsgrender og møtt budeier i ulike aldrar. Inger Marie er oppvaksen med støl, og ho fekk budeieliv og friluftsliv inn med stølsmjølka.
Hylleplass:
637 VIN
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Stølskulturen er på Unesco si verdsarvliste! Kunnskapen og erfaringa til budeiene er lyfta opp. Vi har hatt stølar og budeier over heile landet, og mange har budeier bakover i slekta.

Budeiene dreiv og driv små bedrifter i utmarka – hardt arbeid, men òg eit friare liv. På stølen var det kvinnene som bestemte. Dei sjølvstendige og sjølvhjelpne budeiene imponerte og inspirerte. Dei irriterte også. Dei var ikkje underdanige nok, og dei vart oversett og motarbeidt av betrevitande embetsmenn. Budeiene har skaffa landet mat gjennom tusenvis av år, vi hadde ikkje overlevd utan dei. Av stølsmjølka får ein gode produkt, ho er kanskje verdas beste.

Den gjestmilde budeia var ein trygg base i fjellet. Ho hadde mat og seng, ho lokka og song til seg dyr, kunstnarar, turistar og friarar. Budeiene levde i og med naturen, og nokon kjende på at dei delte stølen med haugafolk, dei underjordiske.

Budeiene vil gjerne at fleire skal få kjennskap til arbeidet deira. Denne boka gir deg det. Budeiene er kvinnehistorie, kulturhistorie og landbrukshistorie. Det er på tide dei får den merksemda dei fortener.

Inger Marie Vingdal er dosent i kroppsøving, og ho har skrive fleire lærebøker. No har ho samla inn budeiestemmer og historier frå heile landet. Ho har besøkt mange ulike stølsgrender og møtt budeier i ulike aldrar. Inger Marie er oppvaksen med støl, og ho fekk budeieliv og friluftsliv inn med stølsmjølka.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Budeiene : døtrer av naturen :
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom