Eg blir skild og må flytte frå huset ho er så glad i, til ein mellombels heim, ei rorbu på ei øy lenger ut i havgapet. Der må ho venne seg til eit nytt landskap, til å vere aleine i naturen som omgjev henne. Kan huset ho forlet, likevel bli ståande i hennar bilde? Slik berga står i vatnet, opp ned som spegelbilde. Eller slik refleksar av bølgjer blir kasta opp på murveggen i sol, og dannar eit mønster av lys. Slik inne verkar saman med ute, slik utsynet opnar romma i huset og fugleskrika ber gjennom dei, slik naustet er inngangen til fjorden. Huset jorda i vatn er eit forsøk på å skrive eit hus før det blir selt og overteke av nokon andre.