Dei norske trettenåringane Jamal og Eira er om bord på forskingsskipet Bluenose. Begge har fedrar som jobbar på skipet. Forskingsskipet skal leite etter fisk og andre livsviktige matkjelder i Atlanterhavet. Jamal er verkeleg interessert i oppdraget, medan Eira er med mot sin vilje. Då skipet hamnar midt i ei brutal krigssone forstår Jamal og Eira at dei små kranglane dei har, blir uviktige i møte med det stormfulle havet, menn med maskingevær og ein vulkan som er i ferd med vakne. 'Overleve' er ein ny spenningsserie som tar deg med til ei nær framtid der menneska er utryddingstruga. Spenning for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 9-13 år
I Overleve 2 - Istid møter vi igjen trettenåringane Jamal og Eira. Etter å ha vore med på ei dramatisk reise med forskingsskipet Bluenose, der dei blei angripne av kanonskipet Georgia og nesten havarerte, er dei no komne til Bergen. Eira skal i land og legge bak seg alt som har skjedd, mens Jamal skal vere med på neste tokt. Det er sommar, og alle trur det skal bli varmt og fint. Men svart oske har blitt spydd ut i store mengder frå ein vulkan på Jan Mayen.