"Ikke tull med Småen" er ei bok som seksuelle overgrep, skrive for barn frå 4 år og oppover. Boka tar opp tema som kropp og grenser, tankar og kjensler, gode og vonde hemmeliegheiter."Boka er eit fantastisk verktøy for barnehagepersonal som jobbar med temaet barn og seksualitet. Eit barn som er utsett vil forstå kva boka handlar om, og ho vil truleg bidra til at nokre tør å fortelja om ei vond hemmelegheit!"
- Nina Seville og Helene Ødegård, foredragshaldarar av "Barns seksuelle helse - Trygg i eigen kropp"
Morten Hornburg har teikna illustrasjonane til historia, og det er meininga at ein skal snakke med barna medan ein les. Karakterane i boka er dyr, noko som gjer temaet meir tilgjengeleg for dei minste og forenklar dialogen rundt - spesielt for dei som har opplevt å bli utsett for overgrep.
Det viktigaste vi vaksne kan gjere i arbeidet med seksuelle overgrep mot barn er å snakke opent om det. Vi må våge å vere tryggje personar for barna, vi må sjå og høyra dei, og vi må våge å ta tak i temaet. Denne boka er meint som eit verktøy for å hjelpe så vel vaksne som barn i den samhandlinga.
For nærare informasjon om lærarutgåva, sjå www.ikketullmedsmåen.no
Nyttige telefonnumre:
Alarmtelefonen for barn og unge - 116 111
Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte - 800 57 000
Stine Sofies Stiftelse - 37 29 40 90
Skamløst Nettverk - 973 111 01
Kors på halsen - 800 33 321
Politiet - 02800