Når eit menneske døyr ein naturleg daude, er det livet han levde som får definere nekrologane, gravferdstalene, mimringa og anekdotane. Dauden vedkomande leid, er ei mindre sak. Med sjølvmordaren er det annleis. Å miste trua si, å miste seg sjølv - eller finne seg sjølv der ein minst ventar det. Kleda er gjennomvåte er historia om ein far og ungane hans, om vala vi gjer og alt dei kan få å seia.
Ein ung gutt veks opp saman med to sysken og ein far som er overtydd pinsevenn og kjent i bygda som velgjerar. Faren blanserer på den skjøre grensa mellom godhjarta galskap og botnlaust mørke, og driver inn i ein alvorleg sinnsliding med eit tragisk utfall. Den unge guten er ein talenfull bridgespelar, og han vernar seg mot den ulykkelege situasjonen med mørk humor og kortspel. Erlend Skjetne blei nominert til Tarjei Vesaas debutantpris 2020 for diktsamlinga Skard. Kleda er gjennomvåte er forfattaren sin debutroman. Omtalen er utarbeidd av BS.
Boka er ikkje fortalt gjennom eit kronologisk tidsforløp. Synsvinkelen vekslar mellom hovudpersonen sin indre monolog, objektive sjukehusjournalar og politirapportar, dikt og fleire merkelege tekstar med overskrifta Frå lovboka. Uttalelsen er henta frå meldinga i framtida.no