Ein fallskjermhoppar dundrar i bakken framfor hundrevis av sjokkerte tilskodarar under Ekstremsportveko på Voss. Undersøkingar viser at fallskjermen til den omkomne småbarnsmora Veslemøy Liland er tukla med, og drapsalarmen går. Kven ville henne til livs - og kvifor? Tidlegare VG-reporter, no heimflytta lokalavisjournalist Agnes Tveit vaknar opp frå ein yrkesmessig dvale då ho begynner å leite i si eiga ungdomstid etter svar. Snart oppdagar ho at den vakre vestlandsbygda skjuler mange mørke hemmelegheiter. Fallesjuke er ein roman om nære vennskap og djupe svik, om å bryte opp og om å vende tilbake.
Under Ekstremsportveko på Voss fell ein fallskjermhoppar i bakken for auga på hundrevis av forferda tilskodarar. Hopparen, småbarnsmora Veslemøy Liland, omkjem. I ettertid viser undersøkingane at fallskjermen hennar var tukla med, og at ein har å gjere med eit drap. Den tidlegare VG-reportaren Agnes Tveit, som no har flytta heim, finn tilbake til yrket sitt når ho begynner å leite etter svar i si eiga ungdomstid. Ho oppdagar at den vakre vestlandsbygda skjuler mørke hemmelegheiter. Randi Fuglehaug er forfattar og frilansjournalist frå Voss. Omtalen er utarbeidd av BS.