Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2007 . - Bok . - 100 s.
Nynorsk
Sjanger:
Hylleplass:
D Cla
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Forlaget skriver om denne boka:
Thomas A. Clark er frå Skottland og er ein framståande figur i den engelske samtidspoesien. Han er fødd i 1944 i Greenock og bur no i fiskarlandsbyen Pittenweem i Fife. Han debuterte med Som Particulars (The Jargon Society, 1971). Dikta hans står i den klassiske romatiske tradisjonen i engelsk poesi og har modernismen som formelt utgangspunkt. Samtidig er innverknaden frå diktarar knytte til zenbuddhismen openberr i denne forfattarskapen. Djupast sett spring Clarks dikting ut av ei sterk oppleving av vår aktuelle trong til å nærma oss og ta vare på den naturen som er føresetnaden for menneskelivet. Han har òg vore oppteken av å utvida grensene for poesien gjennom installasjoner tilpassa ulike stader som galleri, forskjellige offentlege rom eller i landskapet. Frå 1986 til 2002 dreiv han Cairn Gallery i Nailsworth i Gloucestershire saman med kunstnaren Laurie Clark. Dette var eitt av dei mest respekterte av dei små galleria i samtida, og her blei det vist minimalistisk kunst, konseptkunst og landskapskunst. Thomas A. Clarks utgivingar omfattar elles A still Life (The Jargon Society, North Carolina 1977), Madder Lake (Coach House Press, Toronto, 1981), The Tempers of Hazard (saman med Barry MacSweeney og Chris Torrance, Paladin, Kondon 1993), Tormentil & Bleached Bones (Polygon, Edinburgh 1993), One Hundred Scottish Places (October, Eindhoven 1999), Distance & Proximity (Pocketbooks, Edinburgh 2000), The Path to the Sea (Arc, Todmorden 2005) og mange hefte og kort med dikt frå hans eige forlag Moschatel Press.
Per Olav Kaldestad har gitt ut ei rekkje diktbøker for vaksne og born etter debuten i 1973. Han har òg gitt ut bøker med gjendiktingar av bl.a. D.H. Lawrence, W.H. Auden og William Shakespeare og var medredaktør av Poetisk modernisme (Samlaget, 1995).

Side
Seksten sonettar7
Tjuefire setningar om skogen25
Det vedunderlege ved å gå33
Stein45
Stien til havet55
Skog utan tre57
Han som skiftar form62
Grønt65
I skumringa & i dagninga69
I regn81
Etterord89

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om I den klare lufta
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom