Gjennom alle tider har kvinner hjelpt kvarandre når barn kjem til verda. Jordmoryrket var det første formelle yrket som var ope for kvinner i Noreg, og jordmorskulen den første utdanninga for kvinner. Jordmødrene var dei første offentleg tilsette kvinnene i landet, og var dei næraste helsearbeidarane for folk flest i norske bygder i over meir enn hundre år. I denne boka skriv Farstad distriktsjordmødrene si historie i Noreg. Vi blir kjend med mange historiske jordmødrer, og følgjer dei tett, samt jordmødrer frå i dag. «På liv og død» er òg ei forteljing om det norske samfunnet si utvikling gjennom dei siste 200 åra. Aud Farstad er historikar, og har arbeidd med sosial- og kvinnehistorie store delar av livet. Omtalen er utarbeidet av BS.