Den kammerspelaktige handlinga i «Kom ei jente gåande» utspeler seg på to tidsplan med 50 år mellom seg. Ho opnar sommaren 2015 då ei «Eg» har reist nordover for å besøka ei døyande «Mor» på omsorgsheimen. Det blir ikkje akkurat eit rørande møte, men den gamle får sagt og gjort sitt, men er uimottakeleg for respons.
Så flyttar forteljinga seg til tidleg 1960-talet, då den vesle jenta «Eg» bur hos kvinna Molla i eit enkelt husvære nordpå, i noko som framleis er ei nøysam etterkrigstid før velferd og velstand kom til dei fleste. Det er svært så lenge uklart kva det biologiske tilhøvet er mellom «Eg» og Molla, og koss forholda mellom dei få personane i romanen elles har vore oppgjennom, fattar ein bare til slutt. Dette får forfattaren både mykje spenning og uhygge ut av, mellom anna ved hjelp av finurlege synsvinkelskifte.
Utan å røpa så altfor mykje ser lesaren at ein annan hovudperson, den deprimerte, usosiale og alkoholiserte legefrua Pauline – og som vi kan rekna oss til må vera fødd i 1930, er i ferd med å tørna av lengt etter eit barn det ikkje lukkast henne å få med den kjølig distanserte ektemannen sin. Så då kan ein fort tenkja seg til kva som skjer når det «Kom ei jente gåande». Omtalen er hentet fra en anmeldelse av Jan Askelund i Stavanger Aftenblad.