Martinus vaks opp på Brekke sør på Huftarøy saman med far, stemor, halvsøsken og besteforeldre. Handlinga tek til i 1845, året før Martinus blei fødd, og går fram til 1873 og den dramatiske reisa til Amerika. Martinus var ein av 302 passasjerar på barken «Valkyrien» som to gonger var nær å forlise. Dramatikk var det òg i livet til Martinus før han reiste, i kvardag og kjærleik, som sildefiskar og kyrkjebyggjar. Dette er i ei forteljing om ein familie frå Sunnhordland og ei amerikareise. Forteljinga er òg eit stykke noregshistorie. Omtalen er utarbeidet av forlaget.