Selma Salingers rutineprega liv blir snudd på hovudet då Paul Lund flyttar attende til bygda. Ein gong skulda ho Paul for eit alvorleg brotsverk, men han blei frikjend. Det vonde frå den gongen tek igjen overhand i livet til Selma, og ho går drastisk til verks for å gjere opp for fortidas urett. Men er Selmas versjon av kva som skjedde, den rette? Og viss ikkje, kva følgjer får det for henne sjølv, for dottera og for ektemannen? Det gode vi ikkje gjer er Ragnhild Koldens fjerde roman. Den låner element frå både kriminalromanen og den psykologiske thrilleren, og er ei sterk historie om fornekting, unnlatingssynder, svik og skuld.
Då Paul Lund flyttar tilbake til heimbygda blir livet til Selma Salinger snudd på hovudet. For mange år sidan skulda ho Paul for eit alvorleg brotsverk, men han vart frikjent. Dei vonde kjenslene knytta til det som hende tek igjen overhand for Selma. Ho går drastisk til verks for å gjere opp for fortidas urett. Men kva var det eigentleg som skjedde? Er Selmas versjon den rette, og viss ikkje, kva for følger vil det få? "Det gode vi ikkje gjer" låner element frå kriminalromanen og den psykologiske thrilleren. Den er Ragnhild Koldens fjerde roman.