Skulejenta Dina oppdagar ein fugl som byggjer reir rett utanfor vindauget hennar. Fuglen blir den hemmelege vennen hennar. Den flygande gjesten vekkjer nysgjerrigheita hennar og saman med William bestemmer ho seg for å lære meir om både denne og andre fuglar og begynner å notere i ei lita bok. Alle fuglane blir presentert med korte faktatekstar undervegs som dei dukkar opp i handlinga, i tillegg til ein eigen faktadel bak i boka. Faktabok for mellomtrinnet.