Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
cop. 2014 . - Bok . - 324 s.
Nynorsk
Hylleplass:
002.09481 F
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Jostein Fet har dokumentert korleis vanlege folk på bygdene las langt meir enn det vi før har trudd. I denne boka fortel Fet levande om fleire bøker frå den dansk-norske elitens litteratur, bøker som på forunderleg vis hamna i allmugehender og fekk ein særskild funksjon der.

Her lærer vi å kjenne ein ukjend bergenshumanist, vi får smakebitar av eit katekismeverk på 8000 sider (!), vi er med på å analysere ei av dei aller eldste folkevisene i landet. Ei ukjend verd opnar seg i kapitla om magiske formlar og nokre utydde teikn på veggen av ei sengebu.

Frå sitt rike arkiv har Fet leitt fram fleire ukjende handskrivne viser frå Den store nordiske krigen, viser som gir uttrykk for ei vaknande sjølvstendekjensle i Noreg. Til sist kjem grenader Jakob Vassbotns dramatiske skildring av slaget mot svenskane ved Berby i 1808. Han var truleg den første krigskorrespondenten i Noreg, og i jubileumsåret 2014 har stemma hans ein særskild bodskap.

Jostein Fet (1924) er litteraturhistorikar og litteratursosiolog. Han har vore dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda. Viktigaste forskingsområdet hans har vore bondeallmugens litterære liv mellom 1600 og 1850. Fleire av bøkene hans er blitt ståande som viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Stemmer frå ei fjern tid : : fo
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom