Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
"5.0
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2019 . - Bok . - 345 sider
Nynorsk
Opplysninger:
Øl har til alle tider hatt ei avgjerande rolle i folks kvardagsliv og levesett, frå oldtidas Mesopotamia til dagens mangfaldige mikrobryggeri. Ølet har vore med gjennom heile livet - frå barselsøl til gravøl, til helg og høgtid gjennom fleire hundre år. Det har vore ein viktig ingrediens i spelet om politisk og religiøs makt og status.Sissel Brunstad tek oss med på ei reise i norsk ølhistorie, som for første gang er samla mellom to permar. Brunstad har grave i gamle kjelder, snakka med dei fremste ekspertane og med ølbryggjarar i heile landet som framleis bryggjar på gamlemåten. Norsk ølhistorie - frå Odins skål til i dag er eit must for alle ølelskarar og historieinteresserte. Den gamle bryggekunsten vil vere til inspirasjon for alle entusiastiske hobbybryggarar.
Hylleplass:
641.2 B
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Norsk ølhistorie - frå Odins skål til i dag samlar norsk øltradisjon mellom to permar. Øl vert sett inn i historisk og kulturell samanheng, frå dei første såkorna vart lagde i jorda her nord, til dagens tradisjonsbryggjarar, som gladeleg deler løyndommane bak bryggjekunsten med deg.

Øl har spelt ei avgjerande rolle i folks liv, frå fødsel til grav, og har sett spor i folkekunst, dikting og handverk. Ein gong var den gylne drikken så viktig at om du ikkje følgde lova og bryggja tilstrekkelig, kunne du misse både gard og grunn. Øl var omgitt av overtru og var ei heilag gåve både til og frå gudane, eit sosialt lim i samfunnet og ein viktig ingrediens i det politiske maktspelet.

Boka er eit funn for alle entusiastiske hobbybryggjarar, ølelskarar og historieinteresserte.

SISSEL BRUNSTAD (f. 1956) har sjølv vakse opp i eit levande ølbryggjarmiljø i Velledalen på Sunnmøre. Ho minnest framleis mystikken frå naboen sin bryggjekjellar. Der fekk ho som lita jente sin første smak av varm og søt vørter og ein fleire tusen år gamal, men framleis levande, kulturarv. Som mangeårig journalist i NRK Møre og Romsdal er ho ei kjend stemme gjennom både radio og fjernsyn. Brunstad har ei særleg interessere for kulturhistorie og har vore medforfattar til fleire bøker og tidsskrift.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Norsk ølhistorie : frå Odins sk
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning