Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Swanns kjærleik


Hylleplass
PRO
Forfatter
Tittel
Utgitt
Omfang
306 sider
Tittel
Opplysninger2
Forfattarskapen til franske Marcel Proust (1871-1922) er ein nave i moderne litteratur verda over. Hans gigantiske roman 'På sporet av den tapte tid', som kom ut i femten bind frå 1913 til 1927, har blitt eit uomgjengeleg referansepunkt for alle boklesande. Augneblinken då hovudpersonen dyppar ein madeleine-kake i teen og blir utsett for det ein kallar eit ufrivillig minne, har i seg sjølv blitt ein ikonisk augneblink i moderne idéhistorie. Generelt sett er Prousts store verk éin stor roman, med eit unnatak: 'Swanns kjærleik', som er ein lang digresjon og i stor grad står på eigne bein. Forteljinga er blant dei mest kjende kjærleikshistoriene i verdslitteraturen, og er ein fin inngang i den store forfattarskapen og er i fleire land utgitt som eige verk. Den intense historia om korleis levemannen Swann steg for steg forvillar seg inn i ei kjærleiksaffære, har alt som følgjer med av lengsel, havesjuke, sjalusi, svik, sjølvplaging og den underliggande undringa på om det verkeleg går an å kjenne eit anna menneske.
Sjanger
Dewey
Nettressurser
ISBN
Tittelnr
Bok