Opplysninger2
| Under flyktningkrisa i 2015 tok Tyskland imot ein million syriske flyktningar. Dette skulle vise seg å setje fart på ei djup politisk polarisering i landet. Plutseleg fekk det høgrepopulistiske, islamfiendtlege og til dels høgreekstreme partiet AfD skikkeleg fotfeste. Dei fekk til og med ein plass i den tyske Forbundsdagen. I 2019 drap høgreekstreme den tyske regjeringspartipolitikaren Walter Lübcke. Høgreekstremismen er i 2020 det største trugsmålet mot tryggleiken i landet, slo det tyske tryggingspolitiet fast. Kva er det som går føre seg i Tyskland? Astrid Sverresdotter har dykka djupt ned i dei tyske høgreekstreme miljøa. Lesaren får mellom anna møte Pegidademonstrantar, vere med på AfD sitt folkemøte i Erzgebirge og på konservative møte i dei herskapelege delane av Vest-Berlin. "Det mørke Tyskland" handlar om politisk polarisering, internettradikalisering, enorme sosiale skilnader, men òg om politisk mot. Forfattaren er journalist og historikar. Omtalen er utarbeidd av BS.
|