Hanna er på veg heim frå kjærasten Leo. Ved eit fråflytta hus dukkar det opp ei jente bak henne. Jenta oppfører seg underleg, før ho brått forsvinn. Neste kveld skjer det same. Kven er denne svartkledde jenta? Kvifor følgjer ho etter Hanna? Og kvifor skrik ho så fælt?
Hanna er på veg heim frå kjærasten Leo. Ved eit fråflytta hus dukkar det opp ei jente bak henne. Jenta tek til å følgje etter Hanna. På brua set ho i eit grufullt skrik, før ho brått forsvinn. Neste natt skjer det same. Hanna undrar på kven denne svartkledde jenta er, og kvifor ho oppsøker Hanna, for ikkje å snakke om kor det forferdelege skriket kjem frå. Serien 'Grøss og gru' utgis i samarbeid med Leser søker bok. Grøss for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.