I DENNE BOKA FORTEL EDVARD HOEM om Martha Kristine Nesje, eller Jordmor-Stina, som folk kalla henne, ei kvinne som i 1821 gjekk til fots frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, og så etter endt utdanning, gjekk tilbake igjen for å praktisere som jordmor i femti år.
Det er eit livsdrama, som framfor alt går føre seg i sinnet til ei husmannsdotter, som verken ville ta namnet til ektemannen eller bøye seg for bygdesnakket. I sin ungdom fekk ho heile bygda mot seg. I sin alderdom vann ho beundring og respekt. Men vegen dit var lang, den tok eit liv.