Forlaget skriver om denne boka:
Torgeir kjem til ein liten plass ved fjorden der han får arbeid på ein gard. Kvar han kjem i frå, er uvisst, og også i kva for ei retning det ber. For viktigare enn det som faktisk hender, er det som kunne ha hendt eller kan kome til å hende i denne romanen. Språket er knapt og enkelt, medan det heile tida peiker mot noko som ligg under.