For ein gongs skuld er votten sett i fokus - dette sjølvsagde plagget, kjent og nytta av alle.
Votten blir her sett inn i eit kulturhistorisk perspektiv. Gjennom segn og soge får ein eit bilete av korleis han har vore tillagd overnaturleg kraft og symbolsk meiningsinnhald, og hatt sin funksjon både i religiøs og praktisk samanheng gjennom mange hundreår.
Boka er også ei tidlaus idébok som kan inspirere til nyskapingar tilpassa vår tid.