Hopp over navigasjon
    
Mobile site
Cover photo
""
Sign in (top right) to give your star rating
Published:
Norwegian, Nynorsk
Information:
Før som no kledde folk ute kulde og regn, dei kledde seg for sveittande arbeidsdagar eller etter kven dei ville vere. Klede kan gje sjølvtillit eller vise kven ein vil høyre saman med. 'Trådar frå fortida' handlar ikkje berre om korleis klede og sengeklede såg ut - om dei tøystykka ein skjulte kroppen med, var glatte, matte, lodne og blanke, grove, grøne, blå eller grå. Boka handlar også om det krevjande tekstilarbeidet med nøye utrekningar, stor skaparglede og verkande armar og ikkje minst kva som låg bak vala av tekstilar. I denne historia spelar kvinnene og arbeidet deira hovudrolla ettersom tekstilar først og fremst har vore eit feminint arbeidsfelt. Den geografiske avgrensinga gjer også at kystkulturen og fiskeria står sentralt i fleire av kapitla. Med utgangspunkt i arkeologiske funn, dokument, foto og gjenstandar tar Åsa Elstad for seg tekstilbruk i Nord-Noreg gjennom tusen år. Sjølv om eksempla er frå den nordlegaste landsdelen, er spørsmåla som blir tatt opp, allmenne. Tekstilane er knytt til mange sider ved norsk historie, som arbeidsdeling, kjønnsskilje, økonomiske og sosiale forhold og system, ressursar, etnisitet og ideologiar. Kvart kapittel i boka har ei oppskrift, ei praktisk øving for den som vil gå i spora til tekstilhandverkarar som har levd før oss.
Item location:
q 746.094843 ELS
Borrow       Add to selection list

(beta)Be the first to write a review
Før som no kledde folk ute kulde og regn, dei kledde seg for sveittande arbeidsdagar eller etter kven dei ville vere. Klede kan gje sjølvtillit eller vise kven ein vil høyre saman med. "Trådar frå fortida" handlar ikkje berre om korleis klede og sengeklede såg ut - om dei tøystykka ein skjulte kroppen med, var glatte, matte, lodne og blanke, grove, grøne, blå eller grå. Boka handlar også om det krevjande tekstilarbeidet med nøye utrekningar, stor skaparglede og verkande armar og ikkje minst kva som låg bak vala av tekstilar. I denne historia spelar kvinnene og arbeidet deira hovudrolla ettersom tekstilar først og fremst har vore eit feminint arbeidsfelt. Den geografiske avgrensinga gjer også at kystkulturen og fiskeria står sentralt i fleire av kapitla. Med utgangspunkt i arkeologiske funn, dokument, foto og gjenstandar tar Åsa Elstad for seg tekstilbruk i Nord-Noreg gjennom tusen år. Sjølv om eksempla er frå den nordlegaste landsdelen, er spørsmåla som blir tatt opp, allmenne. Tekstilane er knytt til mange sider ved norsk historie, som arbeidsdeling, kjønnsskilje, økonomiske og sosiale forhold og system, ressursar, etnisitet og ideologiar. Kvart kapittel i boka har ei oppskrift, ei praktisk øving for den som vil gå i spora til tekstilhandverkarar som har levd før oss.

Always display this tab

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Always display this tab
  • Suggest this item to somebody: Trådar frå fortida
  • Share on Facebook
  • Show Facebook's Like button
  • Tweet
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Your suggestions
  • Display alternatives

Selection list

Empty

From previous search