Venninnene Hanna & Emma har det alltid kjekt i lag. Saman kan dei klare alt. To spennande kvardagsforteljingar i kvar bok. Gir massevis av leseglede for jenter mellom 8 og 12 år.
Klassetjuven:
Nokon i klassen stel. Bestevennene Hanna og Emma får hjelp av Sjur og Henrik til å finne ut av det. Hanna undrar seg over kvifor nokon vil gjere seg til tjuv?
Vennepåske:
Emma skal få vere med Hanna på påsketur. Dei har invitert med Amalie frå klassen også, men Hanna lurer på om ho helst vil ha Emma heilt for seg sjølv …
8-12 år
På nynorsk