Alle menneskelege språk gjer oss i stand til å snakke om uendeleg mange ting. Samstundes fortel språket vårt om korleis vi tenkjer, kva vi omgir oss med, kva som betyr noko for oss, om kulturen vår generelt.
I denne boka tek Rolf Theil oss med på ei språkleg og antropologisk rundreise over heile jordkloden. Mandarin, dyirrbal, nordsamisk, algonkisk, fulfulde, jiddisk og indianarspråk er berre nokre av språka vi møter, og forfattaren viser oss kor ulike - men også kor like - språka kan vere.
Visste du til dømes kor lett det er å vere høfleg for koreanarane? I koreansk har dei nemleg seks ulike måtar å seie «du» på, alt ettersom kven som blir tiltala. Vi synest vår teljemåte må vere den mest logiske, men det er mykje enklare å telje til tjue på kinesisk! Jeger- og samlarkulturen pirahã har på si side ikkje tallord i det heile tatt, men klarar seg med dei tre mengdekategoriane «få», «nokre» og «mange». At ulike kulturar har ulike ord for ting er kanskje ikkje ukjent for oss, men Rolf Theil let oss her møte begrep og uttrykk som vi knapt klarer å førestelle oss - og som dermed set vårt eige språk og tankemønter i nytt lys.