Forlaget skriver om denne boka:
Torvald Sund fortel med glød og engasjement om ungdom på den sosiale skuggesida, om knuste håp og sterke lengslar - om solidaritet og kampen for sjølvrespekt.
I morgon skal det store skøyteløpet gå av stabelen, med Johann Olav Koss og andre storløparar, men også med dei flinkaste juniorane. Arvild vart kretsmeister i fjor, men i år har det blitt så dyrt å vere medlem av skøyteklubben at Arvild ikkje har råd. Og ein må vere medlem for å ha lov å stille opp i løpet!