Kulturfond
. - I diktsamlinga 'Eg bur her no' møter ei kvinne i trettiåra ein mann på Tinder. Sjølv om ho er i tvil, vel ho å bli saman med han. Han er jo så bra. Samstundes er ho redd han ikkje er den rette. For korleis kan ein eigentleg vite slikt? Ho har jo så lenge ønskt seg ein kjærast, men det er vanskeleg å ta imot det gode. Heldigvis treng dei ikkje flytte saman heilt enno, trøystar ho seg med. Det endrar seg likevel då ho får ein vatnlekkasje i leilegheita si. Omtalen er utarbeidd av BS.
Trondheimsforfattar Kari Anne Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga "Eg et før eg kjem". I "Eg bur her no" treffer ei kvinne i trettiåra ein mann på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis. "Eg bur her no" er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det.