Kulturfond
. - Monolog om aldring, liv og død I Slik var det, den andre lengre monologen Jon Fosse har skrive, møter vi ein eldre mann. Synet er dårleg og føtene ber han ikkje lenger. Han ser døden nærma seg og tankar om det er noko framhald etter døden, kjem og går. Åleine i senga, medan han krøkjer seg framover med stokk, så gåstol, og til sist tyr til rullestol fyllest han av brotstykke av det livet han har levt. Han har måla bilete, men den tida er forbi. Borna har han ikkje kontakt med, ekteskapa er over, men han ventar på henne som skal koma og hjelpa han, samtidig som han kvir seg for alle spørsmåla hennar, alltid dei same. Jon Fosse skriv som alltid om det heilt kvardagslege, men også om dei heilt store spørsmåla. Det handlar om den skrøpelege kroppen og alderdomen, tida og minna, livet og døden.
|