Forlaget skriv om denne boka: Ungdomsroman frå folkevandringstida.
I Vargvinter møter vi Rein Lodinsson som ung bonde på farsgarden Vik. Resten av familien hans er utrydda av inntrengjarane, men heldigvis har han den frigitte trælen Eik Rannason og trælkvinna Atja til å hjelpe seg med gardsdrifta. Det er vinter, og ulven tutar i skoddetunge lier. Rein er eit høvding-emne og har ein sentral rolle når bøndene møtest til tings. Men han har hatt sterke og skakande opplevingar og må ta ansvar som veg tungt på ein gut på hans alder. Og inntrengjarane let seg ikkje stanse av djupsnøen.