Vilt og blendande vakkert. Når den kvite rosa får deg til å falla i dagar og død frå treet så er ho samansvoren berre med meg «Den kvite rosa» av den danske forfattaren og poeten Olga Ravn er ei diktsamling full av kraft. Kvart dikt får stå for seg sjølv på luftige sider, som høgreiste monument i ein nøye uttenkt konstruksjon. Dikta fortel ei historie om sjukdom, tap og kjærleik. Språket er minimalistisk, fargerikt og høgtideleg, det ber i seg ein kompleks bildekraft og ville metaforar som treffer lesaren. Boka er gjendikta av Inger Bråtveit.
Diktsamlinga til Juliane Rui skildrar menneska sin væren i verden og samspelet med natur og alle dei andre artane som eksisterar på kloden. Mennesket veks opp som del av eit fellesskap, med familien og verda utanfor. Tid, minne og relasjonar påverkar korleis ein betraktar omgivnadane. Poesien til Rui gir lesaren nye blikk på verda og utforskar språket til barnet, dyret og naturen. Omtalen er utarbeidd av BS.