Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2019 . - Bok . - 317 sider
Nynorsk
Sjanger:
Opplysninger:
Goethe var overtydd om at alle fenomen i den levande naturen var knytte til kvarandre, og karakteristisk for denne romanen, som for fleire av verka til Goethe, er blandinga av litteratur med naturvitskaplege tema. Valskyldskapane skildrar ein kollisjon mellom moral- og naturlovene. Utgangspunktet for romanen var teorien til den svenske kjemikaren Torbern Olof Bergman, som skildrar korleis to og to kjemiske bindingar vert løyste opp og så smeltar saman på tvers av elementa. Goethe overfører dette fenomenet, som vart kalla «valskyldskap», til dei fire hovudfigurane i romanen, to kvinner og to menn. Dette grunnkonseptet er basert på at naturkreftene som også kan tolkast som kjensler og lengt, overstyrer fornufta, moralen og dei tronge, tradisjonelle rammene i samfunnet. Goethe såg sjølv på Valskyldskapane som eit av sine mest vellykka verk. Med romanen skreiv den elles så positivt innstilte bestseljarforfattaren sin einaste eigentlege tragedie. Han brukte element frå den greske tragedien, kombinert med element frå romantikken, som han sjølv var ein uttalt motstandar av, og enkelte har lese verket som ein parodi på romantikken. - Det er ikkje ei einaste linje i Valskyldskapane eg ikkje kunne ha opplevd sjølv, sa forfattaren nokre år før sin død, og overlét tolkinga av i kva grad det er Goethe sjølv vi møter i boka, til lesaren.
Hylleplass:
G
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Den svenske kjemikaren Torbern Olof Bergmans teori skildrar korleis to og to kjemiske bindingar vert løyste opp og smeltar saman på tvers av elementa. Fenomenet vart kalla «valskyldskap», og er utgangspunktet for denne romanen, som er basert på metaforen om at menneskelege kjensler er styrt av naturlovane i kjemien. Aristokratane Eduard og Charlotte lever eit idyllisk, men kjedeleg liv. Dei inviterer Eduards barndomsven og Charlottes vakre niese for å bo med dei, noko som vert beskriven som eit «eksperiment», som i kjemien. Omtalen er utarbeidd av BS.

Faust . 1


av Johann Wolfgang von Goethe (gjendikting: Åse-Marie Nesse)
Bok utgitt 1993
Ledig (Avd.: Rollag voksen)
Bestill Les e-bok Husk denne

Italiensk reise


av Johann Wolfgang von Goethe (oversatt og med innledning av Sverre Dahl)
Bok utgitt 1999
Ledig (Avd.: Rollag voksen 914.5 G)
Bestill Les e-bok Husk denne

Valskyldskapane


av Johann Wolfgang von Goethe (frå tysk ved Oskar Visdal)
Bok utgitt 2019
Ledig (Avd.: Veggli voksen - Plassering: Skjønnlitt. G)
Bestill Husk denne
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Valskyldskapane
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom