Denne fragmentprega dagboksromanen er delt inn i fire bolkar etter årstidene. Her møter vi ein forfattar som har lånt eit hus ved eit fiskevær på Island. Han arbeider med ei bok, men ho vil ikkje ta den forma han ønsker. Forfattaren blir stadig distrahert av både omgjevnadane og tilbakeblikk på si eiga historie. I huset er han aleine og han har svært lite kontakt med andre menneske - men har slått seg til ro med at isolasjon er kunstnarens lodd.
Ein forfattar låner huset til ein ven i nærleiken av eit fiskevær på Island for å skrive ei bok som ikkje vil ta den forma han ynskjer. Han blir distrahert av omgjevnadane og endå meir av tilbakeblikk på eige liv. Forfattaren har lite kontakt med andre og synest ha akseptert isolasjonen som kunstnarens lodd. Ein fragmentprega dagboksroman i fire bolkar delt inn etter årstidene, der Gyrdir Elíassjon tek opp tråden frå romanen Ved Sandelva, og skriv ei ny, tankevekkjande historie om ein kunstnarlagnad.