Clara trur ho er ei heilt vanleg jente som lever eit heilt vanleg liv. Men då ho blir klort i fjeset av ein svart katt, gigantisk katt, er ingenting lenger som det var. I all hast pakkar mor bilen og tek Clara med til eit hus langt ut i skogen der tanta hennar bur.
Tante Isa meiner at Clara er ei villheks som henne, men Clara veit ingenting om trolldom. For kvart mislukka tryllekunstforsøk føler ho seg tryggare på at ho berre er ei vanleg jente. Men ei natt, når Clara er åleine i huset, blir ho sett på hekseprøve.