Knut er på sjukehuset. Her er sprøyter, sjukesøstrer og blodbehaldarar. Men Knut er ikkje redd for sprøyter eller blod. Knut tenkjer på far og mor. Og det er noko han ikkje forstår.
Inger Bråtveit (f. 1978) har gitt ut to romanar og ei diktsamling for vaksne. Dette er fyrste barneboka hennar.
——
Mor jobbar med bank og finans,
det vert lange dagar
med mykje reising utanlands.
No er mor på Nokia-konferanse.
Ho sit i styret i eit multikonsern.
Mor er ofte ganske stressa,
nokre gonger litt fjern.
Knut veit at mor har mangt å tenkja på.
Alt ansvaret gjer at ho kan få
heilt blackout i butikken.