Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal då han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hjå tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota.
Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Då han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert freistar å lata arbeidet styra.
Det skal koma ei stor og gjennomgripande vending i Eilert sitt liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp - slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde - og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tek han land ved Eidswold (Donalda), Alberta.
Heime i Norge ser Nesje at åra går og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet.