Ved Sandelva skildrast av forlaget som ein pastoralsonate om mennesket mellom natur og kultur. Ei elv, ein skog, ein kunstmålar, to husvogner og ei rekkje oppgjer med fortida er ramma kring fortellinga.
Ei elv, ein skog, ein kunstmålar, to husvogner og ei rad oppgjer med fortida. Det er ramma kring Gyrðir Elíassons «pastoralsonate» om mennesket mellom natur og kultur. Forteljinga min-ner om Henry David Thoreaus Walden og Edward Abbeys Desert Solitaire under Kwang Tzes motto: «Alle kjenner nytten av det gagnlege, men ingen skjønar nytten av det gagnlause.»
Samspel mellom melankoli og audmykt gjev ofte grunntonen i islandsk dikting. Knapt nokon stad kling han klårare enn i Gyrðir Elíassons kvardagsnære, men tvibotna lyriske prosa med utsyn frå høgare leite mot det som tyder mest i livet og kunsten. Hans språk-lege minimalisme har rom for både spøk og spøkeri.