Forlaget skriver om denne boka:
Tilrettelagt dokumentarbok om Pål på Hurtigrutetur.
Pål er bergensar og veldig glad i hurtigruta. Hans største ønske er å reise heile den lange vegen frå Bergen til Kirkenes og tilbake igjen, saman med dei han er glad i.
I bilete og tekst får vi vere med hurtigruteskipet Richard With og Pål på reisa langs heile kysten. Mykje spennande skjer på denne ferda! Dei passerer polarsirkelen, Pål blir sjøsjuk i storm, han et vikingmiddag i Lofoten og kjører hundespann i Troms og skuter i Finnmark. Boka er rikt illustrert med foto i fargar og har flott design.
Påls reise har enkel tekst og enkelt innhald, og er laga i samarbeid med Leser søker bok. Målgruppe: vaksne og unge som treng enkel tekst og enkelt innhald.