Forlaget skriver om denne boka:
...Men tusen vart redda
736 jødar frå Norge vart deporterte og drepne under okkupasjonen 1940-45. Litteraturen om deportasjonane og dødsleirane er rik. I denne boka er redningsaksjonane for norske jødar under okkupasjonen for første gong hovudsaka.
Like lite som deportasjonane og Auschwitz vil bli gløymt, like lite bør vi gløyme dei som under stor fare reiste seg mot politi, SS-soldatar og Gestapo, og redda hundrevis av menneske. Dei nekta å vere berre eit hjul i nazimaskineriet og var med på å setje ein standard for seinare slekter. I mangt som sidan har hendt og hender, ser vi at denne standarden må setjast på nytt og i tider som kjem.
I eit stort kapittel kastar forfattaren nytt lys over den mykje omdiskuterte Feldmann-saka, der to djødiske flyktningar vart skotne av sine eigne losar. Han har også ei inngåande samanlikning av tilhøva i Norge og Danmark, der heile 95 prosent av jødane vart berga.
Dramatikk, angst og spenning møter lesaren i dei mange redningsaksjonane Ragnar Ulstein fortel om. Men også heltemot, hjartevarme og medmenneskeleg handlekraft.
Ragnar Ulstein er historikar og forfattar, og har skrive mange bøker om rednings- og etterretningsarbeid i Norge under krigen.