Forlaget skriver om denne boka:
Hagbart Korneliussen er den minste i søskenflokken. Dei to eldre søskena hans, Sigvart og Esmeralda, liker godt å vise at dei er større og flinkare enn han er.
Hagbart har ofte uhell med sjokoladeknekkebrød på tv-rommet og gløymer å henge kleda sine opp i gangen. Han er livredd støvsugaren, og det går ikkje alltid bra å bere ei vaskebøtte opp den lange trappa når ein har så korte bein som han har.
Ein dag, heilt i starten på ein lang og fin ferie, blir dei tre søskena vekt av eit stort brøl, så stort at det ristar i heile huset. Faren deira, Kyrre Korneliussen, eller Oberst Dobørst som ungane gjerne kallar han, har sett seg lei på alt rotet som har samla seg i huset, og set i gang Operasjon Husvask. Alle får sine oppgåver å gjere og mens Obersten dreg på kjøpesenter for å handle, skal dei tre søskena vaske huset.
Ikkje alt går som planlagt. Nokon prøver å sabotere Operasjon Husvask og alle spor peikar i retning av Hagbart. Dette er heilt klart ei sak for Detektiv Smartbart.
Ei lettlest og fantasifull bok som dei fleste barn lett kan kjenne seg igjen i.