I denne boka fortel Ingjerd Veiden Brakstad om korleis det var for jødane å vende heim til Norge ved krigens slutt. Før okkupasjonen i 1940 var den jødiske minoriteten på om lag 2100 personar. Berre 559 jødar blei registrert under folketeljinga i 1946. Til saman 230 familiar vart totalt utsletta. Korleis var det å komme attende til eit heimland der også eigedom og personlege eigedelar var avhenda til framande? Brakstad gir i boka eit bilete av korleis dei heimvende tok til å bygge livet opp på nytt, trass sorg, sakn og uvisse. Og korleis storsamfunnet streva, og ofte feila, med å møte og handtere det som var tilbake av den jødiske minoriteten. Omtalen er utarbeidd av BS.
Ved frigjeringa våren 1945 var dei norske jødane i ein særeigen situasjon. Dei hadde ikkje tapt krigen - men så mykje mer. Før okkupasjonen bestod den jødiske minoriteten i Noreg av rundt 2100 menneske. Ved folketeljinga i 1946 blei det registrert 559 jødar. 230 familiar var fullstendig utsletta. I tillegg til dei enorme menneskelege tapa var jødane fråtekne leilegheiter, hus, forretningar og alle personlege eigedelar. Tanken var at dei aldri skulle vende tilbake.
I Etter folkemordet undersøkjer Ingjerd Veiden Brakstad korleis det var for jødane å komme attende til Noreg etter frigjeringa. I ei tid prega av sorg, uvisse og sakn skulle dei bygge opp livet sitt igjen frå grunnen. Også forholdet til storsamfunnet kunne vere ei utfordring - eit storsamfunn som streva med å handtere dei særeigne erfaringane til den jødiske minoriteten. Og som ofte feila.