Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at han har gjort ting på sin eigen måte. Alle veit kva han gjorde med dei gutane. Alle veit at ungane hans ikke kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans, Ingeborg. Men det er noko folk ikkje veit. Det er på tide å fortelje.
Enkemannen Tollak lever eit enkelt liv. Aleine i det vesle huset sitt ber den aldrande mannen på ein stor løyndom. Folk i bygda kjenner han som ein eigenrådig gammal stabeis som gjer ting på sin eigen måte. Alle hugsar dei kva han gjorde med dei gutane, og alle hugsar dei den gode kona hans, Ingeborg. Dei hugsar òg at han tok til seg han dei kalla Oddotosken, han som kom til Tollak då ingen andre ville ha han. Tollak fekk to barn med Ingeborg, og kvar dag kappa han emne på saga si. Men så kom den nye tida, og i staden for å gå til Tollak gjekk folk til byggvarehuset for å få treverk. Så blei familien ramma av ei stor ulukke. Nå er det på tide for Tollak å fortelje. Omtalen er utarbeidd av BS.
-Dette er noe av det vakreste jeg har lest. På lavmælt og jordnært vis får man innblikk i livet til Tollak.. Tore R; her har du truffet midt i blinken!