Frederikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei sentrale strategene i kampen for kvinneleg stemmerett. Som leiar i fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettkampen, og målet ble nådd i 1913. Ho var gift med venstremannen Ole Anton Qvam. Livet hennar var også prega av at fleira av barna hennar døydde tidleg.
FREDRIKKE MARIE QVAM (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for Landskvindestemmeretsforeningen og fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen frå 1898 til 1913. Målet blei nådd for 100 år sidan, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Fredrikke sitt politiske og organisatoriske engasjement.
I denne boka blir den politiske og organisatoriske innsatsen hennar presentert på engasjerande vis. I tillegg er dette ei rørande livshistorie. Fredrikke Marie Qvam gifta seg med huslæraren Ole Anton Qvam, som seinare blei ein sentral Venstre-politikar. Paret mista fire av fem barn, noko som sette eit sterkt preg på livet hennar.