Gaupa er det største kattedyret i Europa. Tidlegare fanst det gauper i mest alle land, men ved byrjinga av 1900-talet var dei nesten utrydda overalt. Ved omfattande fredlysningar vart gaupa berga, og ho finst no i fåtalige stammer i Noreg, Sverige, Finland og Sovjetunionen. Ikkje mange har nokosinne sett ei vill gaupe. Ho er svært sky og avslører sjeldan kvar ho finst. Det einaste ein kan finne, er spor i snøen.
Stefan Jonsson heiter ein svensk zoolog som i mange år har forska på gauper. Ei tid heldt han gauper i fangenskap. På denne måten kunne Jonsson undersøkje korleis gaupene lever. Resultatet vart eit unikt materiale, som han presenterer i denne boka.
Vi får dessutan høyre om andre gaupeartar og om gaupas rolle i folketru og folkemedisin. Og Jonsson fortel korleis jakta på gaupe har vore organisert, og korleis dei no prøver å føre inn att gauper fleire stader i Europa.
Illustrasjonane i boka er i seg sjølve viktige og verdifulle. Clarence Newton er ein kjend fotograf som har laga fleire filmar for svensk TV, mellom anna om gauper.
I den norske utgåva har Sverre M. Fjelstad skrive ei interessant innleiing, og Bjørn Iuell har skrive ein artikkel om forholda her i landet.