-
Ei passande bok med tanke på Palestina og Israel. Vi følger palestinaren Midhat Kemal frå Nablus sitt liv frå studiar i Frankrike med sjelsetjande kjærleik og politiske vener, tilbakekomsten til Nablus med giftemål og økonomisk nedgang når faren døyr. Det er personlege liv med draumar, relasjonar og tap med eit politisk bakteppe av krigar, kamp for sjølvstende frå ottomanar, franske og engelske krefter og heile tida med ein aukande jødisk befolkning som får stadig meir plass og makt medan dei kjøper opp palestinsk jord. Som de ser av tala frå 1936 så har alltid palestinarane lidd dei største tapa på palestinsk jord. 600 sider burde vore korta ned drastisk. Burde vore halvert spør du meg
05.12.2023, 18:23 Kvinne, 52
Rapportér