Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
"5.0
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2021 . - Bok . - 210 sider, 8 unummererte sider med plansjer
Nynorsk
Opplysninger:
FC Barcelona reknast av mange som meir enn berre ein fotballklubb. El Barça er mellom anna sterkt knytt til katalansk politikk, det katalanske samfunnet og katalanaranes identitet. Dessutan er klubben eigd og styrt av klubbmedlemene; FC Barcelona har alltid hatt sjel. Johannes Nymark, som er førsteamanuensis emeritus ved NHH, har undervist i både spansk språk, kultur, samfunn og historie. Han er dessutan ein stor fotballentusiast. I denne boka utforskar han korleis klubben har vorte eit symbol på katalansk identitet, men òg kvifor han i dag er ein av dei mest populære fotballklubbane i verda. Nymark meiner at sentrale personar i klubben har vore med på å gjere klubben til det han er i dag. Forskaren diskuterer òg framtida til klubben som slit økonomisk, og som via sponsoravtalen med Qatar Airways indirekte er knytt til eit diktatur. Omtalen er utarbeidd av BS.
Hylleplass:
796.33 N
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
FC Barcelona er ein av verdas største og mest populære fotballklubbar. Over heila verda går folk med fotballtrøyer med Messi, Xavi og Iniesta på ryggen. Klubben er ei global merkevare og eit viktig symbol på katalansk identitet. Og ulikt dei fleste store fotballklubbar er FC Barcelona eigd og styrt av klubbmedlemmene.

Barça. i kamp sidan 1899 går forskaren og fotballentusiasten Johannes Nymark på jakt etter klubben sin eigenart. Han fortel levande og kunnskapsrikt om kvifor el Barça er annleis enn andre fotballag, og korleis klubben er knytt til katalansk politikk, kultur og samfunn. Catalonia stod tidleg for modernitet, fridom, demokrati og kosmopolitisme, som også blei berebjelkar for FC Barcelona sin identitet. Nymark viser gjennom sentrale personar, mellom andre Cruyff, Maradona, Messi og Guardiola, korleis klubben har fått den identiteten katalanarane i dag assosierer med el Barça. Men kva gjer den nye økonomien med FC Barcelona si opphavlege sjel? Boka gir solid bakgrunn for dei problema som rir klubben i dag.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Barça : i kamp sidan 1899
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning