Forlaget skriver om denne boka: Fjorten forteljingar frå det indre livet i hugen, i kroppen, i landskapet, i fortidene - dei nære og dei fjernare. Alle klare og avslutta. Ikkje fortalt før nå.
Kva var det som skjedde? Skjedde det alltid i ei anna tid? Vi veit ikkje. Men det er ei anna tid vi ser kvar gong ei forteljing samlar seg for å forteljast for oss her i denne tida. For støtt er det den andre tida som er forteljaren.