Biografi. Eks-toppidrettsutøvaren Gudmund Skjeldal har skrive bok om bror sin, landslagmannen, Kristen. Gudmund fortel om Kristen sin barndom og oppvekst, om langrennssport i verdsklassen, om sigrar og tap. Kristen har vore mange år i norsk toppidrett - kva er det som driv han vidare i skisporet, til å aldri gi opp? Dette er likevel ingen tradisjonell idrettsbiografi. Gudmund skriv om fem-milsnostalgi, om norsk langrennshistorie og kva som får folk til å gå fem mil svært fort på ski. 160 s. Ib.
Eks-toppidrettsutøvaren Gudmund Skjeldal skriv i denne boka om bror sin, Kristen. Han fortel om barndom og oppvekst, om langrennssport i verdsklassen, om sigrar og tap. Idéhistorikaren Skjeldal skriv om nostalgi, om snøen som forsvinn og om kvifor Kristen i ein avgjerande augneblink gav frå seg ei flaske blåbærsaft.