Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
"5.0

Les anmeldelser
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
Nynorsk
Sjanger:
Opplysninger:
- Kvar skal vi? Til byen Osnabrück. Og vi skal til mange tider, til fjerne og nyare fortider og vi skal til samtida, ofte samstundes. Osnabrück er byen til Ève, mor til forteljaren. Denne mora døydde i 2013, 103 år gamal, men her er ho like sprek og lett til beins som ho alltid har vore, det er ho som viser veg. 'Medan vi går over plassen framfor Katedralen med stadig raskare steg, ser vi bilar som minnest at dei har vore hestar.' Dei levande minna er både knytte til familien og til det kollektive. I alle epokar er det forfølgjing og flukt, fengsel og tortur. Her er det heksejakt på 1500-talet, jødar som blir verande eller flyktar på 1930-talet og Ève som blir fenglsa i Algerie i 1962. Erfaringar, minne, levde liv. I denne teksten blir håp og opningar sett opp mot hat og øydelegging. Osnabrück er byen der freden i Westfahlen blei underskriven i 1648, ein fredsavtale som avslutta den gruvsame 30-årskrigen og gav håp for det moderne Europa. I same by blei synag oga fullstendig øydelagt Krystallnatta i november 1938. Byen har prøvd å reparere fortida si ved å sette opp eit minnesmerke over synagoga.
Hylleplass:
CIX
Bestill       Husk denne

(beta)Skriv anmeldelse
Kvar skal vi? Til byen Osnabrück. Og vi skal til mange tider, til fjerne og nyare fortider og vi skal til samtida, ofte samstundes. Osnabrück er byen til Ève, mor til forteljaren. Denne mora døydde i 2013, 103 år gamal, men her er ho like sprek og lett til beins som ho alltid har vore, det er ho som viser veg. «Medan vi går over plassen framfor Katedralen med stadig raskare steg, ser vi bilar som minnest at dei har vore hestar.» Dei levande minna er både knytte til familien og til det kollektive. I alle epokar er det forfølgjing og flukt, fengsel og tortur. Her er det heksejakt på 1500-talet, jødar som blir verande eller flyktar på 1930-talet og Ève som blir fenglsa i Algerie i 1962. Erfaringar, minne, levde liv. I denne teksten blir håp og opningar sett opp mot hat og øydelegging. Osnabrück er byen der freden i Westfahlen blei underskriven i 1648, ein fredsavtale som avslutta den gruvsame 30-årskrigen og gav håp for det moderne Europa. I same by blei synagoga fullstendig øydelagt Krystallnatta i november 1938. Byen har prøvd å reparere fortida si ved å sette opp eit minnesmerke over synagoga.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

-Dette er ei lita bok, men eg brukte lang tid på ho. Slik eg las boka er ho ei familiekrønike, der mykje handlar om mor til forfattaren. Handlinga utspelar seg i Osnabrück i Tyskland og i Oran i Algerie, men sluttar i Paris. Og så handlar boka om jødane i Osnabrück, byen som var heilt jødefri i 1945. Sjølve boktittelen er om minnesmerket etter den store synagogen i Osnabrück. Og så handla boka om heksejakta i blant anna Osnabrück (ikkje visste eg frå før at dei batt høgre tommel til venstre stortå før dei kasta dei mistenkte heksene ut i vassprøva).
Grunnen til at eg brukte så lang tid på boka er all sidelesinga undervegs. Eg slo opp i Wikipedia (tysk Wikipedia) for å lese om dei forskjellige jødane som er omtalt i boka. Og andre personar som forfattaren peikar på. Og eg slo opp i Google map for å finne byar og stader som det står om. Og finne alle gatene i Osnabrück. Og finne kaféen i Osnabrück der damene kosa seg (Google map har bilete av kakediskane og interiøret i kaféen). Og finne fengselet i Algerie. Og klinikken der fødekvinnene vart flytta til då mor til forfattaren måtte stenge fødeklinikken sin.
Boka er lettlest, med stutte poengterte setningar, setningar som gav meg fargerike bilete i tankane. Og som inspirerte meg til å lese meir undervegs, i Wikipedia og Google map. Eg fekk lære om enkeltskjebnar og eg fekk ei interessant reise. Ikkje minst fekk eg vite mykje om Osnabrück (den første byen eg var i utanom Skandinavia, på interrail i ungdommen).
05.01.2024, 22:19  Tor G. T, 66
Rapportér
Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Ruinar på ryddige rekker
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning